Per Spook (1939- ) er den einaste nordmannen som har hatt Haute Couture-motehus i Paris. Korleis klarte ein mann frå Noreg å bli fransk motekonge?
Haute Couture, «høg saum», blir rekna for å vere det aller fremste innan moteverda, og vart lansert for første gong av moteskaparen Charles Frederick Worth (1825-1895) i Paris tilbake i 1858.
For å kunne smykke deg med dette beskytta omgrepet må du oppfylle dei strenge krava til Fédération de la Haute Couture et de la Mode (FHCM) som mellom anna seier at du må ha eige atelier med minst 15 heiltidstilsette, vise årelege kolleksjonar for sommar og vinter som inneheld minimum 50 unike plagg, og ikkje minst spesialsy desse plagga til kundar.
Frå 1977-1995 var nordmannen Per Spook ein del av denne verda med sitt heilt eigne Haute Couture-motehus i Paris.
Frå Noreg til Paris
Per Spook vaks opp tett på nål og tråd, og var gjerne med mor si på jobb i systova hennar. Der sydde han klede til teddybjørnen sin av stoffrestar frå klippebordet, og gav kompliment til dei av mora sine kundar han synest kledde seg fint. Som 16-åring starta det offisielle utdanningsløpet mot ei kunstnarkarriere på Statens håndverks- og kunstindustriskole (SHKS), der han var den einaste mannlege eleven i moteklassa.
Utdanninga bestod av meir enn berre å lære saumteknikk og klesdesign. Også emne innan maling og skulptur var obligatorisk, og slik fekk Per Spook ei allsidig kunstnarutdanning før han som 20-åring flytta til motehovudstaden. I Paris jobbar Spook i til saman 18 år for store namn som Dior, Yves Saint-Laurent og Louis Féraud. Først med jobben som assistent som kun fekk lov til å sette knappenåler, men med tida også som ein designer som hausta mykje skryt i den franske pressa for kreasjonane sine. Så, i 1977, er tida inne for å gjere noko i sitt eige namn, og motehuset Per Spook blir etablert.
Stor suksess med særeigen stil
Frå første kolleksjon var motehuset ein suksess. Tre gongar blir Per Spook tildelt dei høgthengande utmerkingane Gullsynålen og Gullfingerbøllet av ein internasjonal motejury, prisar som blir utdelt kvar sesong til dei motekunstnarane med høvesvis størst kreativitet og beste kolleksjon. Spook designar heller ikkje berre klede. Han er med i kvart einaste ledd i kolleksjonane, frå stoffprint, fargar og snitt, til sko, vesker, smykker og anna tilbehør. Det vart aldri nytta designassistentar, som var vanleg i andre motehus. Per Spook var verkeleg motehuset Per Spook.



Media sin omtale av kolleksjonane til motehuset gjekk ofte ut på at antrekka skilde seg ut frå det ein såg ellers i motebiletet. Kva var det som utgjorde særpreget til kolleksjonane til Per Spook? At Spook var nordmann og brukte dette for å skape ein tydeleg profil, er det ingen tvil om. Gjennom motehuset sine 18 leveår gjorde Spook strikk til ein sjølvsagd del av kolleksjonane sine. Strikka kofter, kåper, jakker, genserar og bukser med mønster ein kan kjenne att frå den norske strikketradisjonen, blei raskt eit kjennemerke. I tillegg fekk samisk-inspirerte klesplagg sin plass på catwalken på Per Spook sine motevisingar. Dessutan vart også kolleksjonane ofte namngjevne med titlar som tydeleg refererte til Norden; Fra Paris til polarsirkelen (1989/90), Vikinglegende (1992/93) og Nordiske eventyr (1990/91).
I tillegg kan noko av svaret på kvar særpreget og suksessen til Spook kom frå vere å finne i den allsidige kunstnarutdanninga han fekk på SHKS. Dei tydelege geometriske formene og stormønstra stoffa som kjenneteiknar kolleksjonane til Spook gjev i mange tilfelle sterke assosiasjonar til modernistisk biletkunst. Gjennom kolleksjonsnamn som Moderne kunst (1987) og Palett (1985) er det heller ikkje nødvendig med særleg til assosiasjonar for å finne lenka til biletkunsten. Dette hadde vore ein sentral del av utdanninga til Spook, sjølv om det var motelinja han gjekk på. Kombinasjonen av både kunst- og moteutdanning var spesiell og sjeldan, og noko den franske pressa beit seg merke i. Spook makta å kombinere det beste frå desse verdene, og sikra seg med det eit uttrykk og ein stil som var særeigen, unik og lett å legge merke til.
Eventyret tek slutt
I 1995 stenger motehuset Per Spook dørene for godt, etter at det amerikanske selskapet som fungerte som hovudsponsor valde å trekke seg ut. Spook kunne då sjå tilbake på ei over 35 år lang karriere i verdas motemetropol Paris, der dei siste 18 besto av å drive sitt eigne Haute Couture-motehus med stor suksess.
Spook heldt fram med å skape også i åra etterpå, mellom anna med kolleksjonar av servise for Magnor Glassverk, og han har også gjort det stort i Japan gjennom konsernet Itokin. Likevel er det liten tvil om at det var åra i Paris med sitt eige motehus, lovpriste kolleksjonar og leikent uttrykk med Noreg og biletkunsten som inspirasjon som gjorde denne nordmannen til motekonge.
Pomm forsøkte å kome i kontakt med Per Spook med førespurnad om intervju, men lukkast ikkje med å få kontakt.
Les også: Chanel i New York: Subwayen ble catwalk
Oppdag mer fra Pomm Magazine
Abonner for å få de siste innleggene sendt til din e-post.










